Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

Vegen til Linux

  • blogginnlegg
    5
  • kommentarer
    20
  • visninger
    11 697

No er eg Ubuntu brukar!


Gjest

506 visninger

ubuntujg3.jpgNo har eg brukt heile helga på å installere og konfigurera Ubuntu og må sei eg er fornøgd.Har fått installert alle program eg treng og har allereie brukt Ubuntu til å kode ei side i HTML, høyre musikk, sjå film og så klart surfe på nett (med flash og alt).Etter litt testing har eg vald å bruka Evolution til e-post istaden for Opera som eg skreiv eg ville bruka tidlegare. Elles har eg allereie begynt å sjå på litt stasj til Ubuntu som Beryl og gDesklets.Eg hadde litt trøbbel med å installere ATI drivaren, men så fant eg programmet Envy (stod noko om det i HW sin artikkel om Beryl) og alt blei ein leik. Eg sleit også litt med å installere vanlege/andre program, men har no lært meg «sudo apt-get install» utan att :p .Det trådlause nettverket var også litt vanskeleg å kopla opp, men ikkje etter eg fant ut at den nettverks tingen skulle stå på «eth1» og ikkje «lo».Eg har beholdt Windows/Wintendo på ein liten partisjon slik at eg kan halde fram med å spela Windows spel sia Linux har dårleg støtte og ligg litt langt etter når det gjeld spel.Americas Army var eit skritt i riktig retning for spel på Linux, men no visse det seg at dei som omprogrammerte AA til Linux ikkje gidd det meir.Men anyways, eg er fornøgd og kjem nok til å halde meg til Ubuntu lenge :) .Her er eit bilete av skrivebordet mitt :thumbup: :skjermdumpps5.th.jpg

1 kommentar


Anbefalte kommentarer

×
×
  • Opprett ny...