Denne tråden vart starta då [http://www.diskusjon.no/index.php?showuser=58981 TSP] kom med forslaget om ein slik tråd, og vert oppdatert med ujamne mellomrom. Det vil alltid vere meir som kunne verte sagt, og det kan vere at noko av informasjonen er unøyaktig. Prisar vil til dømes ikkje verte kontinuerleg oppdatert, so sjå på dei kun som veiledande. (Men fullstendig villedande er dei forhåpentlegvis ikkje.) Om det er nokon som har noko fornuftig å seie om nokon av programma der det ikkje står noko, er det berre å sende ein PM eller e-post til meg, so skal eg prøve å få det inn so raskt som mogeleg. Det same gjeld idear til annan organisering eller layout. Eg er ikkje sikker på kor bra den noverande er, so om nokon med betre sans for slikt enn meg har forslag, er det berre å kome med det. Eg vil gjerne takke alle som har kome med innspel til denne guiden. ==Innleiing== Det finst i dag svært mange program ein kan bruke til å redigere video med, og det å finne fram i denne jungelen kan vere vanskeleg. Bakgrunnen for denne guiden var å gje ein oversikt over kva som finst, og på den måten vise veg i den metaforiske jungelen. Sjølv om det er ein god del program her, so finst det andre som ikkje er nemnt. Likevel kan du finne dei fleste som vil vere aktuelle for deg. Når ein set seg ned med eit nytt program for fyrste gong, vil det i dei fleste tilfelle verke litt framand og vanskeleg. Hugs difor det, at ein ikkje kan rekne med å forstå alt ved fyrste møte med eit program, og at ein difor ikkje bør gi opp etter fem minutt. Ta deg tid, les i manualen, sjå på tutorials og ''prøv deg fram.'' Gjer det, og du vil snart kunne bruke programmet utan store vanskar. Det er ikkje uvanleg at produsenten har ein del tutorials på heimesida si, og ein vil ofte finne fleire med [http://www.google.no/ Google.] Her følgjer noko som på ein måte er ei kort oppsummering av guiden (sett bort frå Linux-delen). Det er ei kort "innleiing" til kvar kategori guiden er delt inn i - gratis, nybyrjar og (semi-)profesjonell - og nokre anbefalingar for kvar av dei. '''Vil helst ikkje bruke pengar.''' Det er ikkje nødvendig å bruke pengar for å finne eit dugande program. Har ein Windows XP eller Apple OS X følgjer det med eit program som kan brukast. Dei har kanskje ikkje enormt med mogelegheiter, men det treng ein nødvendigvis ikkje i byrjinga. Om Movie Maker/iMovie ikkje passer deg, kan Avid Free DV vere eit alternativ. Den kanskje største ulempa med Movie Maker og FreeDV, er at ingen av dei kan brenne DVDar. Rett nok, iMovie kan det heller ikkje, men til gjengjeld er iMovie integrert med iDVD, som følgjer med i same pakke (iLife). '''Bruke litt pengar, men ikkje so veldig mykje.''' Er du i denne kategorien, er dei mest kjende alternativa Adobe Premiere Elements og Pinnacle Studio. Andre alternativ er Magix Movie Edit Pro og Sony Vegas Movie Studio+DVD (Platinum Edition). Alle saman koster under tusenlappen, vil gje nok mogelegheiter for nybyrjarar, og kan brenne til DVD. Studio er kjend for å vere eit svært intuitivt og enkelt program, men har hatt mykje problem med ustabilitet blant ein del brukarar. Magix har fått ein del god omtale, og storebroren til Vegas Movie Studio er eit svært bra program. Sit du med ein Mac, vil Final Cut Express vere eit naturleg - og godt - val. '''Vil ha noko meir enn det Studio/Premiere Elements o.l. kan tilby.''' Tenkjer du slik, er mogelegheitane mange. Dei mest vanlege (semi-)profesjonelle programma, er Sony Vegas, Avid Liquid (tidlegare Pinnacle Liquid Edition), Adobe Premiere Pro og Avid Xpress Pro. Desse varierer i pris frå ca. 5000kr for Avid Liquid, til ca. 15 000kr for Avid Xpress Pro. Dei andre ligg for det meste rundt 6-10 000kr. Er du ein Mac-brukar, og er i denne gruppa, sit du truleg allereie med anten Final Cut Pro eller Avid Xpress Pro framfor deg. Men merk dette: ''Uansett'' kva du vel, vil du truleg verte fornøgd. Dei har i stor dei same mogelegheitene, og hovudforskjellane ligg i arbeidsflyten og korleis programma gjer ting. Ein kan vanskeleg seie at eitt av dei programma er ''best'', sjølv om det alltid vil vere nokon som hevder det er eitt som slår dei andre ned i støvlane. Ein kan rett nok seie at enkelte program er betre på enkelte område – til dømes skal Avid Xpress vere svært bra på håndtering av store mengder media. For å finne ut kva som passer ''deg ''best, prøv dei ut. Det finst demoversjonar av fleire av dei. ==Windows== ===Gratisprogram=== ====[http://fixounet.free.fr/avidemux/ AviDemux]==== Dette er eit program rekna for enkelt kutting av video, samt omkoding til ei rekkje ulike format, deriblant DVD-klar MPEG2. Ein kan automatisere arbeidoppgåver ved hjelp av mellom anna skripting. ====[http://www.softlab-nsk.com/ddclipro/index.html DDClip Free]==== Finst og i ein betalversjon med fleire mogelegheiter. ====[http://panasonic.co.jp/pavc/global/cs/soft/faq/motionDV_faq.html Panasonic MotionDV Studio LE]==== Dette programmet følgjer med miniDV-kameraa til Panasonic, frå og med NV-GS37 og oppover. Det fungerer heilt greit, og kan overføre video i full kvalitet via USB. ====[http://www.virtualdub.org VirtualDub]==== Dette opensource-programmet vert mest brukt til å konvertere videofiler over til andre format, men det er og i stand til å utføre enkel redigering. Ein kan t.d. overføre video frå kamera, trimme videoen, leggje til diverse effektar og erstatte lydsporet. [http://www.iofilm.co.uk/io/mit/001/vdub.php Test.] [http://www.freeimagebrowser.com/forum/t849-editing-with-virtual-dub.html Liten guide.] [http://nickyguides.digital-digest.com/vdub-filters.htm Liten guide 2.] [http://virtualdubbook.packtpub.com/ Informasjon om VDub-bok] ====[http://vivia.sourceforge.net/ Vivia]==== Dette er eit program med open kjeldekode, som framleis er i startfasen, men som allereie har eit par avanserte funksjonar. Desse er for det fyrste «multicam»-redigering, altso ein måte å forenkle redigeringa av scener tatt opp med fleire kamera, og for det andre mogelegheit for å ha fleire tidslinjer i det same prosjektet. Av effektar og overgangar er det for augeblikket berre overtoning (crossfade/cross dissolve) og inn- uttoning (fade in og fade out). Import- og eksportmogelegheitane er begrensa til PAL-video og ein del ulike biletformat. ====[http://www.microsoft.com/windowsxp/using/moviemaker/default.mspx Windows Movie Maker]==== '''Windows XP:''' Versjon 1 av dette følger med Windows XP, medan MM2 følgjer med Service Pack 2 for XP. Programmet har eit enkelt grensesnitt, der ein har prøvd å gjere det enkelt for nybyrjaren. Det har ein relativt bra samling av enkle effektar og overganger. Ein kan leggje til musikk, voiceover og tekst, men det har berre eit videospor , i tillegg til tekstspor, og eit lydspor, en ein kan ikkje brenne filmar til DVD frå dette programmet.. '''Windows Vista:''' I Vista Home Premium og Ultimate skal WMM ha mogelegheit for å redigere HDV-opptak og, via programmet DVD Maker kan ein brenne video-DVDar. Potensielt nyttige linkar: *[http://www.windowsmoviemakers.net/ WindowsMovieMakersnet] *[http://msdn.microsoft.com/library/default.asp?url=/library/en-us/dnwmt/html/moviemakersfx.asp Custom FX og overganger via XML] *[http://www.wmmarchive.tk/ MovieMaker Archive] *[http://www.rehanfx.org/ RehanFX] ====[http://www.zs4.net/ ZS4]==== Dette er eit program der du kan ha so mange video- og lydsport du vil, og importere video i [http://www.zs4.net/features-formats nokre ulike format.] Det har ei rekkje effektar, ma. spele video baklengs, endre farten gradvis, chroma keying (fjerne ein bestemt farge i eit klipp, som ved blue/greenscreen) og fargejustering. Effektane kan justerast med keyframes. ===Rimelege program=== ====[http://www.adobe.com/products/premiereel/main.html Adobe Premiere Elements]==== ''Prisar er henta frå nettbutikken til Adobe.no, 20/02-08. '' Premiere Elements 4.0: 887,50kr Pakke med Photoshop Elements 6.0: 1325,00kr Premiere Elements er ein mykje enklare versjon av Premiere Pro, berekna på nybyrjarar, men som likevel har mange av funksjonane til Pro-versjonen innebygd, og ein ganske likt utsjånad. Ein fordel med dette, er at du kan få kjøpt det i ein pakke med Photoshop Elements for litt over 1000kr, og då får du med eit bra biletbehandlingsprogram på kjøpet. Ein overgang til dyrare program vil truleg vere ganske lett, ettersom grensesnittet har ein del likskapar. Programmet tilbyr ei uendeleg mengd video- og lydspor, ei rekkje effektar og brenning til DVD med eller utan meny direkte frå tidslinja. Ein kan laste ned ein 30-dagers prøveversjon frå [http://www.adobe.com/no/downloads/?ogn=NO-gntray_dl_trialdownloads_no denne sida.] '''Testar:''' [http://premiere.digitalmedianet.com/articles/viewarticle.jsp?id=35874 Adobe Premiere Elements 2.0] ====[http://www.cyberlink.com/multi/products/main_4_ENU.html CyberLink PowerDirector]==== ''Pris henta frå Cyberlink.com og rekna om frå USD, 20/02-08:'' PowerDirector 6: 485kr ''[Fyll ut informasjon]'' '''Testar:''' [http://www.digitalwebcast.com/articles/viewarticle.jsp?id=43577 CyberLink PowerDirector 5] ====[http://site.magix.net/index.php?id=32891&version= MAGIX Movie Edit Pro]==== ''Pris henta frå [http://site.magix.net/index.php?id=32891&version= Magix.com], 01.12.06:'' Movie Edit Pro 11: 599kr Movie Edit Pro 11 PLUS: 999kr Programmet kjem frå versjon 11 i to versjonar, «Classic» og «Plus». Det har fått mykje gode kritikkar, både i testar og på forum. Plus-versjonen inkluderer mellom anna støtte for HDV, 5.1-lyd og 3D-tekst. Begge har mogelegheit for å lage video-DVD-ar. NB! På den norske Magix-sida er i skrivande stund (20/02-08) kun versjon 11, og ingen demo tilgjengeleg. På den amerikanske sida derimot, finn ein versjon 12 og ein demo av denne: [http://www.magix.com/us/movie-edit-pro/ http://www.magix.com/us/movie-edit-pro/] [http://www.akam.no/nyhet/videoredigering/magix_movie_edit_pro_10/19665 Artikkel frå akam.no.] [http://www.dinside.no/php/art.php?id=278092 Test av DinSide.] ====[http://www.nero.com/nero7/eng/Nero_Vision_4_Features.html Nero Vision 5]==== ''Prisar henta frå Nero.com 20/02-08:'' Nero 8: 485kr (nedlastbar) Nero 8: 565kr (tilsendt i eske) Dette er ein del av Nero-pakka. Det har mogelegheit for overføring av video frå DV- eller HDV-kamera og import frå DVDar, enkel redigering med nokre effektar, lage slideshows av bilete, og brenning med eller utan menyar på DVD. ====[http://www.pinnaclesys.com/PublicSite/us/Products/Consumer+Products/Home+Video/Studio+Family/ Pinnacle Studio]==== ''Prisar henta frå XD.no, 20/02-08:'' Studio 11: 485kr Studio 11 Plus: 789kr Studio 11 Ultimate: 845kr Dette er «standardprogrammet» i norske heimar, ettersom det er eit av få (det einaste?) ein kan kjøpe på Elkjøp/Expert, og til ein gunstig pris. Det er eit program som er kjend for å vere ganske ustabilt, og det er mange som har mykje problem med det. Men merk at det ikkje gjeld alle, og at om ein har ei ryddig maskin som oppfyller alle krava til programmet, so er det større sjansar for at programmet held seg stabilt. Den nyaste versjonen, 11, skal i følge nokon oppføre seg betre enn tidlegare versjonar, og kjem i tre utgåver. '''Testar:''' [http://audiovideo.consumerelectronicsnet.com/articles/viewarticle.jsp?id=37763 Pinnacle Studio 10.5] ====[http://www.mediachance.com Mediachance EditStudio Pro]==== ''Prisar henta frå [http://www.puremotion.com/acatalog/editstudio.htm Puremotion.com] og rekna om frå USD, 20/02-08:'' Edit Studio Pro: 426kr ('''NB!''' kampanjepris) Puremotion, som laga dette programmet, vart kjøpt opp av Mediachance. Programmet tilbyr ikkje DVD-authoring, men ein kan kjøpe det i ein pakke saman med DVD lab pro, som er eit godt program for den jobben. Demoversjon kan lastast ned frå [http://www.download.com/Editstudio/3000-13631_4-10411305.html?tag=lst-1 Download.com.] ====[http://www.roxio.com/en/products/videowave/index.jhtml Roxio VideoWave]==== ''Prisar henta frå Roxio.com og rekna om frå USD, 20/02-08:'' VideoWave 8: 270kr ''[Fyll ut informasjon]'' ====[http://www.sonymediasoftware.com/Products/ShowProduct.asp?PID=977 Sony Vegas Movie Studio]==== ''Pris henta frå [http://www.trigono.no/website1/1.0.1.0/19/3/index.php Trigono.no,] 20/02-08:'' Vegas Movie Studio 8: 547,50kr Sony Vegas Movie Studio er ein «krympa» versjon av storebroren Vegas Pro. Blant forskjellane er ei begrensing på fire video- og lydspor, manglande støtte for HD, surroundlyd og ikkje verktøy for fargekorrigering. Pakka inkluderer versjon 4.5 av DVD Architect Studio for å lage DVDar. Ein tabell som viser forskjellane mellom dei tre pakkane i Vegas-familien finn ein [http://www.sonycreativesoftware.com/products/product.asp?PID=447&PageID=88 her.] ====[http://www.sonymediasoftware.com/products/product.asp?PID=408 Sony Vegas Movie Studio + DVD Platinum Edition]==== ''Pris henta frå [http://www.trigono.no/website1/1.0.1.0/19/3/index.php Trigono.no,] 20/02-08:'' Vegas Movie Studio Platinum 8: 825kr Nokre av forskjellane frå standardversjonen av Vegas Movie Studio:[list] [*]HDV- og AVCHD-støtte [*]5.1-surround-lyd [*]Fargekorrigeringsverktøy [*]Fleire video- og lydeffektar [*]DVD med læringsvideoar. [/list]Ein tabell som viser forskjellane mellom dei tre pakkane i Vegas-familien finn ein [http://www.sonycreativesoftware.com/products/product.asp?PID=447&PageID=88 her.] ====[http://www.ulead.com/vs/runme.htm Ulead Video Studio]==== ''Pris henta frå Ulead.com og rekna om frå USD, 20/02-08:'' Video Studio 11: 378kr Video Studio 11 Plus: 539kr ''[Fyll ut informasjon]'' '''Testar:''' [http://www.hdissues.com/articles/viewarticle.jsp?id=45512 Ulead Video Studio 10.] ===Profesjonelle/Semi-profesjonelle program=== ====[http://www.adobe.com/products/premiere/index.html Adobe Premiere Pro CS3]==== Prisar henta frå ''[https://store2.adobe.com/cfusion/store/html/index.cfm?event=displayProduct&categoryOID=1598351&store=OLS-NO Adobe Store], 20/02-08:'' Adobe Premiere Pro CS3: 9025,00kr (nedlastbar versjon: 7220,00kr – nedlastinga er på omlag 1,2GB) (Oppdateringar frå Elements eller tidlegare utgåver av Premiere koster i underkant av tredjedelen.) I tillegg er programmet ein del av pakkene Creative Suite Master Collection (koster omlag 30 000kr) og Creative Suite Production Premium(koster omlag 21 000kr). Les meir om Creative Suite her: [http://www.adobe.com/products/creativesuite/ http://www.adobe.com/products/creativesuite/] PPro har eit relativt enkelt grensesnitt, og mange effektar som ein kan tilpasse/kombinere med andre effektar. Det har 99 lyd- og videospor, mogelegheit for å eksportere direkte til DVD med eller utan menyar (menyar er berre tilgjengeleg i '''2.0''' og nyare), i tillegg til mange andre eksporteringsmogelegheiter. Det som er kanskje er den største fordelen med Premiere Pro, er integreringa med dei andre programma frå Adobe, og i det nye Production Studio har dette vorte endå betre. Med CS3 er no Encore inkludert i pakka. '''Testar:''' [http://premiere.digitalmedianet.com/articles/viewarticle.jsp?id=36856 Adobe Premiere Pro 2.0] [http://www.creativecow.net/articles/sareen_aanarav/premiere_pro_2/index.html Adobe Premiere Pro 2.0 - Creative Cow] ====[http://www.pinnaclesys.com/PublicSite/us/Products/Consumer+Products/Advanced+Video/Liquid+Edition/Avid+Liquid+7.htm Avid Liquid/Liquid Pro]==== ''Prisar henta frå [http://store.avid.com/no/index.cfm?page=templates/product_detail&PartNumber=0010%2D08107%2D03 Avid Store,] 20/02-08:'' Liquid 7: 4533kr Programmet kjem ogso i ein Pro-versjon, som inkluderer ein «break out box», som ein bruker til å kople analoge kjelder til PC-en, og ein Chrome Xe-versjon som inkluderer støtte for kortet [http://www.aja.com/html/products_windows_xena.html AJA XENA LHe]. Etter at Avid kjøpte opp Pinnacle, har Pinnacle Liquid Edition skifta namn til Avid Liquid, ved lansering av versjon 7 av dette populære programmet. Men ut frå screenshotsa ser det ikkje ut som dei har endra mykje på sjølve på programmet (med tanke på UI). Det inkluderer brenning av DVD med menyar direkte frå tidslinja og ei uendeleg mengde video- og lydspor. Dette skal vere eit stabilt og bra program, og har støtte for mange format. Alle som vurderer å kjøpe Liquid eller oppgradere til Liquid frå Studio: For å kome i gang med Liquid Edition, sjå på Pinnacle sine eigne tutorials. Du finn dei her: [http://www.pinnaclesys.com/publicsite/us/Tutorials/Online+Tutorials/ http://www.pinnaclesys.com/publicsite/us/T...line+Tutorials/] '''Testar:''' [http://www.dvformat.com/articles/viewarticle.jsp?id=36233 Avid Liquid 7] [http://www.creativecow.net/articles/harvey_mark/avid_liquid_7_review/index.html Avid Liquid 7 - Creative Cow] ====[http://www.avid.com/products/xpressprohd/ Avid Xpress Pro]==== ''Prisar henta frå [http://store.avid.com/no/index.cfm?page=templates/product_grp_index&categoryid=107 Avid Store,] og rekna om frå euro, 20/02-08:'' Xpress Pro HD: 15588.70kr Noko av det som vert framheva som Xpress-serien (og andre program frå Avid) si beste eigenskap, er handteringa av store mengder media. Dette vil vere ein fordel om du skal redigere store prosjekt. Pro-utgåva har ein stor samling effektar, støtter HD-video i mange ulike former. Multicam-redigering er òg inkludert i Xpress Pro, medan DVD-authoring kjem gjennom Sonic DVDit, som er inkludert (kun for Windows). Ein får i tillegg SmartSound SonicFire (for å lage musikk), Sorenson Squeeze (for komprimering av video) og [http://www.noiseindustries.com/products/factorytools/ Noise Industries Factory Tools] (kun for OS X). [http://www.avid.com/products/datasheets/XpressPro_HD.pdf Oversikt over Xpress Pro HD] '''Testar:''' [http://www.digitalpostproduction.com/articles/viewarticle.jsp?id=33029 Avid Xpress Pro HD] ====[http://www.avid.com/products/xpressprohd/ Avid Media Composer]==== ''Prisar henta frå [http://store.avid.com/no/index.cfm?page=templates/product_grp_index&categoryid=107 Avid Store,] og rekna om frå euro, 20/02-08:'' Media Composer: 46 395kr Dette er storebroren til Xpress Pro, mykje brukt i TV- og filmbransjen. ====[http://www.sonymediasoftware.com/products/product.asp?PID=404 Sony Vegas Pro]==== ''Pris henta frå [http://www.trigono.no/website1/1.0.1.0/19/3/index.php Trigono.no,] 20/02-08:'' Vegas Pro 8: 5982,50kr Vegas Pro inneheld Vegas for redigering og DVD Architect for å lage DVDar og Blu-ray-plater. DVD Architect er ikkje lenger mogeleg å kjøpe separat. Vegas er eit program som både er enkelt og kraftig. Det har støtte for fleire ulike format, som DV, HDV, XDCam og HD-/SD-SDI. Det har ei uendeleg rekkje video-/lydspor, og mogelegheit for leggje prosjekt innad i prosjekt. Redigering og eksportering av surroundlyd (5.1) er inkludert. Ein tabell som viser forskjellane mellom dei tre pakkane i Vegas-familien finn ein [http://www.sonycreativesoftware.com/products/product.asp?PID=447&PageID=88 her.] ====[http://www.ulead.com/msp/runme.htm Ulead Media Studio]==== ''Pris henta frå Ulead.com og rekna om frå USD, 20/02-08:'' MediaStudio Pro 8: 2 155kr ''[Fyll ut informasjon]'' '''Testar:''' [http://www.digitalpostproduction.com/articles/viewarticle.jsp?id=35815 Ulead MediaStudio Pro 8] ==OS X== ===Gratisprogram=== ====[http://www.apple.com/ilife/imovie/ Apple iMovie HD]==== (Dette ligg under gratisprogram fordi iLife er inkludert på alle nye Macar. Skulle ein kjøpt det frå Apple Store ville det kosta 649kr.) Enkelt og brukarvenleg program som gjer jobben på ein god måte. DVD-brenning gjer ein via iDVD, som ogso er inkludert i pakka iLife. ====[http://fixounet.free.fr/avidemux/ AviDemux]==== Dette er eit program rekna for enkelt kutting av video, samt omkoding til ei rekkje ulike format, deriblant DVD-klar MPEG2. Ein kan automatisere arbeidoppgåver ved hjelp av mellom anna skripting. ====[http://www.zs4.net/ ZS4]==== Dette er eit program der du kan ha so mange video- og lydu vil, og importere video i [http://www.zs4.net/features-formats nokre ulike format.] Det har ei rekkje effektar, ma. spele video baklengs, endre farten gradvis, chroma keying (fjerne ein bestemt farge i eit klipp, som ved blue/greenscreen) og fargejustering. Effektane kan justerast med keyframes. ===Rimelege program=== ====[http://www.apple.com/finalcutexpress/ Apple Final Cut Express HD]==== Pris henta frå Apple Store, 20/02-08: FCE 4.0: 1590,00kr FCE er ein litt krympa versjon av FCP, med det same grensesnittet, men litt færre funksjonar. Programmet har likevel alt ein vanleg brukar i konsumentmarknaden treng, og kanskje meir til. HDV- og AVCHD-støtte er inkludert. DVD-brenning gjer ein i iDVD, som følgjer med i iLife-pakka. '''Testar:''' [http://www.digitalvideoediting.com/articles/viewarticle.jsp?id=32891 Apple Final Cut Express] ===Profesjonelle/Semi-profesjonelle program=== ====[http://www.adobe.com/products/premiere/index.html Adobe Premiere Pro CS3]==== Prisar henta frå ''[https://store2.adobe.com/cfusion/store/html/index.cfm?event=displayProduct&categoryOID=1598351&store=OLS-NO Adobe Store], 20/02-08:'' Adobe Premiere Pro CS3: 9025,00kr (nedlastbar versjon: 7220,00kr – nedlastinga er på omlag 5GB) (Oppdateringar frå Elements eller tidlegare utgåver av Premiere koster i underkant av tredjedelen.) I tillegg er programmet ein del av pakkene Creative Suite Master Collection (koster omlag 30 000kr) og Creative Suite Production Premium(koster omlag 21 000kr). Les meir om Creative Suite her: [http://www.adobe.com/products/creativesuite/ http://www.adobe.com/products/creativesuite/] PPro har eit relativt enkelt grensesnitt, og mange effektar som ein kan tilpasse/kombinere med andre effektar. Det har 99 lyd- og videospor, mogelegheit for å eksportere direkte til DVD med eller utan menyar (menyar er berre tilgjengeleg i '''2.0''' og nyare), i tillegg til mange andre eksporteringsmogelegheiter. Det som er kanskje er den største fordelen med Premiere Pro, er integreringa med dei andre programma frå Adobe, og i det nye Production Studio har dette vorte endå betre. '''Testar:''' [http://premiere.digitalmedianet.com/articles/viewarticle.jsp?id=36856 Adobe Premiere Pro 2.0] [http://www.creativecow.net/articles/sareen_aanarav/premiere_pro_2/index.html Adobe Premiere Pro 2.0 - Creative Cow] ====[http://www.apple.com/finalcutstudio/finalcutpro/ Apple Final Cut Studio]==== Pris henta frå Apple Store, 20/02-08: FCS: 11 490,00kr (Oppgraderingar er billegare.) Final Cut Studio er ein komplett pakke for videoproduksjon, som består av Final Cut Pro, Motion 2, Soundtrack Pro og DVD Studio Pro 4. FCP er eit svært bra og kraftig redigeringsprogram som vert mykje brukt i den profesjonelle marknaden. Det har god støtte for ulike HD-format, gode fargekorrigeringsverktøy, multicam-redigering og elles alt ein avansert brukar treng. Det er ikkje lenger mogleg å kjøpe Final Cut Pro separat. '''Testar:''' [http://www.digitalvideoediting.com/articles/viewarticle.jsp?id=33006 Apple Final Cut Pro 5] ====[http://www.avid.com/products/xpressprohd/ Avid Xpress Pro]==== ''Prisar henta frå [http://store.avid.com/no/index.cfm?page=templates/product_grp_index&categoryid=107 Avid Store,] og rekna om frå euro, 20/02-08:'' Xpress Pro HD: 15588.70kr Noko av det som vert framheva som Xpress-serien (og andre program frå Avid) si beste eigenskap, er handteringa av store mengder media. Dette vil vere ein fordel om du skal redigere store prosjekt. Pro-utgåva har ein stor samling effektar, støtter HD-video i mange ulike former. Multicam-redigering er òg inkludert i Xpress Pro, medan DVD-authoring kjem gjennom Sonic DVDit, som er inkludert (kun for Windows). Ein får i tillegg SmartSound SonicFire (for å lage musikk), Sorenson Squeeze (for komprimering av video) og [http://www.noiseindustries.com/products/factorytools/ Noise Industries Factory Tools] (kun for OS X). '''Testar:''' [http://www.digitalpostproduction.com/articles/viewarticle.jsp?id=33029 Avid Xpress Pro HD] ====[http://www.avid.com/products/xpressprohd/ Avid Media Composer]==== ''Prisar henta frå [http://store.avid.com/no/index.cfm?page=templates/product_grp_index&categoryid=107 Avid Store,] og rekna om frå euro, 20/02-08:'' Media Composer: 46 395kr Dette er storebroren til Xpress Pro, mykje brukt i TV- og filmbransjen. ==For Linux-distroar== ====[http://dynebolic.org/ Dyne:bolic]==== Dyne:bolic ein eigen distro spesielt retta mot multimedia. Den inkluderer ei rekkje program for bilet- og videoredigering, samt ein del andre relaterte program. Du finn ei kort omtale [http://www.mediaworkstation.com/articles/viewarticle.jsp?id=45587 her.] ====[http://ubuntustudio.org/ Ubuntu Studio]==== Dette er ein versjon av den populære distribusjonen Ubunu som er berekna på media. Den har difor ei rekkje program for lyd, video og grafikk installert som standard. Les meir på heimesida og på [http://en.wikipedia.org/wiki/Ubuntu_Studio Wikipedia.] ===For nybyrjar/entusiast=== ====[http://fixounet.free.fr/avidemux/ AviDemux]==== Dette er eit program rekna for enkelt kutting av video, samt omkoding til ei rekkje ulike format, deriblant DVD-klar MPEG2. Ein kan automatisere arbeidoppgåver ved hjelp av mellom anna skripting. ====[http://www.kinodv.org/ Kino]==== ''[Fyll ut informasjon]'' ====[http://lives.sourceforge.net/ LiVES]==== ''[Fyll ut informasjon]'' ====[http://openmovieeditor.sourceforge.net/HomePage OpenMovieEditor]==== Litt meir info her: [http://stream0.org/2008/01/open-movie-editor-surprisingly.html http://stream0.org/2008/01/open-movie-edit...rprisingly.html] ====[http://vivia.sourceforge.net/ Vivia]==== Dette er eit program med open kjeldekode, som framleis er i startfasen, men som allereie har eit par avanserte funksjonar. Desse er for det fyrste «multicam»-redigering, altso ein måte å forenkle redigeringa av scener tatt opp med fleire kamera, og for det andre mogelegheit for å ha fleire tidslinjer i det same prosjektet. Av effektar og overgangar er det for augeblikket berre overtoning (crossfade/cross dissolve) og inn- uttoning (fade in og fade out). Import- og eksportmogelegheitane er begrensa til PAL-video og ein del ulike biletformat. ====[http://www.pitivi.org/wiki/Overview PiTiVi]==== ''[Fyll ut informasjon]'' ====[http://www.zs4.net/ ZS4]==== Dette er eit program der du kan ha so mange video- og lydsport du vil, og importere video i [http://www.zs4.net/features-formats nokre ulike format.] Det har ei rekkje effektar, ma. spele video baklengs, endre farten gradvis, chroma keying (fjerne ein bestemt farge i eit klipp, som ved blue/greenscreen) og fargejustering. Effektane kan justerast med keyframes. ===Profesjonelle/Semi-profesjonelle program=== ====[http://heroinewarrior.com/cinelerra.php3 Cinelerra] / [http://cvs.cinelerra.org/ Cinelerra CVS]==== ==Andre nyttige småprogram== ====[http://paul.glagla.free.fr/dvdate_en.htm DVdate]==== Programmet er gratis for privat bruk, men bedrifter o.l. må kjøpe lisens. Har ein nokon gong hatt lyst til å vise dato og klokkeslett på videoane dine, so kan dette vere programmet for deg. Det kan legge informasjonen direkte på videoen, eller lage ei undertekstfil med den. I tillegg kan det gjere mykje forskjellig med DV-filer. Du kan konvertere mellom type 1 og type 2, konvertere andre filer til DV AVI, konvertere mellom PAL og NTSC og meir. ====[http://www.debugmode.com/wax/ Debugmode Wax]==== Wax er eit program som kan brukast for seg sjølv, eller som plugin til Vegas og Premiere (om det fungerer med dei nyaste versjonane av desse). Det har ein god del effektar som 3D-tekst og ein partikkelgenerator, og kan brukast til keying, rotoscoping o.l. Ein kan bruke mellom anna plugins for Virtualdub i programmet, og det finst ein del ferdiglaga presets som ein kan laste ned, t.d. Her: [http://users.otenet.gr/~vassias/ http://users.otenet.gr/~vassias/] ====[http://movavi.com/enhancemovie/ Enhancemovie]==== ''Pris henta frå Enhancemovie.com og rekna om frå USD, 20/02-08:'' 215kr Dette er eit program som enkelt lar ein forbetre videoen ved å utføre ymse fargekorrigeringar, utbedre støy o.l. ====[http://fxhome.com/effectslab EffectsLab/CompositeLab/VisionLab]==== ''Prisar henta frå FXHome.com og rekna om frå euro 20/02-08:'' EffectsLab Pro: 1019kr CompositeLab Pro: 1019kr VisionLab Studio: 3388kr EffectsLab er eit ganske enkelt og greit program for å lage spesialeffektar som Star Wars-lyssablar og eksplosjonar. CompositeLab er for keying, maskering og fargegradering. VisionLab er eit program som inkluderer alle funksjonane til begge dei to andre, og eit par ekstra. ====[http://www.scenalyzer.com/ Scenalyzer]==== ''Pris henta frå Scenalyzer.com og rekna om frå euro 20/02-08:'' 268kr Scenalyzer er eit hendig program for overføring av video frå videokamera til PC. Det har mange greie funksjonar, fint skildra i [http://www.diskusjon.no/index.php?showtopic=493658&view=findpost&p=5296629 dette innlegget.] ====[http://windv.mourek.cz/ WinDV]==== Eit anna program for overføring av video frå kamera. Det består av kun ei programfil på under 100kb, og er heilt gratis.